

Me kunne sjølvsagt ha snakka om billettsystemet på Flytoget, men det blir litt på sida av kva denne bloggen skal handle om.
To hundre meter lengre aust finn me ei anna bru. Det er rett nok ei bilbru, men den har også plass til syklistar og forgjengarar. Den er ikkje fullt så påkosta; ingen sikksakkmønster, ikkje rekkverk i glas og ingen farga ljos. Liknar også ei heisekran.
Det kan sjølvsagt ikkje bli for mykje sykkelvegar i denne byen, men om det var meininga at gangbru 1 berre skulle kople saman Bjørvika og Grønland, så hadde det ikkje vore naudsynt å å lage plass til syklistar på gangbru 2. Grunnen er sjølvsagt at at gangbru 1 var tenkt kopla til Oslo S, men det har dei altså føkka opp. Resultatet er to gangbruer 200 meter frå kvarandre. Mange vil seie at det kunne vore nok med ei. Guffen vil garantert meine noko anna.
Det hadde vore nok med ei.
SvarSlettDet går jo ikkje an å stola på kukola2. Han garanterer ting som ikkje er sanne.
SvarSlettKanskje han heller burde skriva litt om billettsystemet på flytoget.
Alt er sant.
SvarSlett