torsdag 14. april 2011

Kva er galt # 7: Media

"Kjære skribent,

Vi takker for debattinnlegget du har sendt Aftenposten. Dessverre er den daglige tilstrømningen av nye manuskripter til debatt- og kronikksidene så stor - opp til 100 artikler - at vi er nødt til å si nei takk til det aller meste. Av denne grunn greier vi ikke å finne plass til din artikkel denne gang."

Hæ? Og eg som avlutta innlegget med:

"Me innbyggjarane sit igjen med svarteper."


tirsdag 12. april 2011

Kva er galt # 6: Mi enkle sjel

Kan ikkje stikke under ein stol at det var ei god kjensle å køyre over brua.

mandag 11. april 2011

Kva er galt # 5: Opninga

Hipsteropning med fokus på kultur, kjøpt og betalt for å strø sukker på den nye bydelen som består av kontor, kækseleiligheiter og eit par kulturelle gigantprosjekt. At det i same slengen har rydda unna eit par galleri og ein teaterbåt, la ikkje ein dempar på "kunst- og kulturvandringa" på laurdag.
– Min mor var en av dem som mente at «The show must go on», og hun ville simpelthen ikke ha tilgitt meg om jeg ikke var her i dag, sa ordførar Fabian Stang.
Jo, det hadde ho.

onsdag 6. april 2011

Kva er galt # 3: Rekkverket


På den eine sida er det heilt rett. Men i eit slags desperat forsøk på å gjere noko kult, har dei laga rekkverket mot stasjonen i eit slags sikk-sakk-mønster. Typisk for nye bygg: det er dritkjedeleg, men så spritar me det opp med ein fiffig detalj. Problemet er at dei har laga ein knekk innover på heile sikk-sakken. Kjem det til å samle seg støv på der? Ja. Blir det då like fint å sjå på som når dei no driv og vaskar det til opninga på laurdag?
På vegne av vanvittig mange: eg berre spør.

tirsdag 5. april 2011

- Meningsløs bro på Oslo S

- Hvorfor skal man bruke 100 millioner på denne prestisjebrua til Ellen de Vibe, når et mye bedre alternativ allerede ligger der?, spør Helge Winsvold (A), BU-representant i Gamle Oslo.
Samd.

Kva er galt # 2: Forma

Den ser ut som ei heisekran. Farga lys kan ikkje redde den.

Kva er galt # 1: Namnet

Det nye brua heiter "Stasjonsinngang Øst". Det er feil. Det er uråd å kome korkje inn eller ut til stasjonen via den brua.