tirsdag 17. januar 2012

Frå gangtunnel til kabeltunnel


Før


No



Detalj

Ein fiffig detalj frå masterplanen er at gangtunnellen kan nyttast til kablar. Det tyt ut frå alle veggar og baugar. For nokre år sidan rauk internettet i sentrale strok av Oslo av di det brann i eit kabelrom under Oslo S. Så for å sikre at det ikkje kjem skraphandlarar frå Vestlandet for å stjele kobbarkablar og deretter set fyr på restane for å dekkje alle spor, har ein no installert overvakingskamera og nytt ljos.

mandag 16. januar 2012

Nytt namn: Akrobaten

"Forslag 15b Akrobaten ble enstemmig vedtatt. Begrunnelse: Henspeiler på broens luftige og spenstige konstruksjon."
Heisekranen hadde vore betre.
Eller 120 millionar
Eller Stasjonsinngang Aust.

Kva er gale # 12: To bruer



Me kunne sjølvsagt ha snakka om billettsystemet på Flytoget, men det blir litt på sida av kva denne bloggen skal handle om.
To hundre meter lengre aust finn me ei anna bru. Det er rett nok ei bilbru, men den har også plass til syklistar og forgjengarar. Den er ikkje fullt så påkosta; ingen sikksakkmønster, ikkje rekkverk i glas og ingen farga ljos. Liknar også ei heisekran.
Det kan sjølvsagt ikkje bli for mykje sykkelvegar i denne byen, men om det var meininga at gangbru 1 berre skulle kople saman Bjørvika og Grønland, så hadde det ikkje vore naudsynt å å lage plass til syklistar på gangbru 2. Grunnen er sjølvsagt at at gangbru 1 var tenkt kopla til Oslo S, men det har dei altså føkka opp. Resultatet er to gangbruer 200 meter frå kvarandre. Mange vil seie at det kunne vore nok med ei. Guffen vil garantert meine noko anna.

fredag 2. desember 2011

Die wiljen des folkes


Alright! Her har altså Jernbaneverket stengt porten og hengt opp ein lapp om at no må gå over gangbrua. Det syner berre at dei ikkje anar at grunnen til at me går i gangtunnelen er for å kome oss til toga. Eg mistenkjer dei for å ha trudd det gjennom heile planleggjinga.
Men let folk seg stoppe. Då minusgradene kom til byen, tok eg igjen toget. Og til mi store glede har eg funne ut at dette ikkje er ein einsam kamp:

Her har altså mange på vegne av vanvittig mange andre laga seg ein ny sti. Det er som ein maurkoloni som ikkje let seg stoppe. Toget til høgre er ekspressen i rørsle, så trygt er det ikkje. Det legg tydlegvis ingen dempar for snarvegjakta.

Kjedeleg namn?

Me venter i spaning på kva nytt namn dei kjem til å kome fram til.

"Den taggete broen har hatt det provisoriske navnet «Stasjonsinngang øst», siden den ble åpnet 9. april i vår. Ingelin Pedersen synes ikke det navnet var godt nok.

Hun mener det er bra at folket som bruker broen har fått mulighet til å velge navn, i motsetning til at byplanleggere og arkitekter bare bestemte ett.

– Jeg har sansen for at mannen i gata får være med å bestemme navnet på en demokratisk måte, sier Pedersen til NRK."

Og vips er det endå lengre til Stasjonsinngangs Øst blir ein realitet. Og herleg korleis me skal få lov til å meine noko om namnet, medan arkitektar og byplanleggjarar har fått lov til å bestemme absolutt alt mogleg anna.

"Ny trapp må ha støttebein"


"Den 213 meter lange, og 650 tonn tunge broen kostet 125 millioner kroner å bygge. Broen åpnet for åtte måneder siden, men pengene renner fremdeles ut. Allerede for to måneder siden kunne Aften fortelle om skader på trappen på Annette Thommessens plass, rett ved Skatt øst. Den gang ble deler av trappen sperret, slik at skadene kunne rettes opp. Ifølge entreprenøren skulle skadene være reparert i høstferien. Men denne uken fikk trappen fire støttebein." Aftenposten

MO-HA-HA!

torsdag 6. oktober 2011

"Oslos nye gangbro sprekker"


"Slik trappen fremstår i dag er det lite som tilsier at den er splitter ny, med knapt seks måneders "fottråkking" bak seg. Flere har kontaktet oss og stilt seg undrende til at et nybygg allerede nå er delvis i oppløsning." Aftenposten

Mo-ha-ha!