onsdag 14. september 2011

Kva er gale # 11: Nyevegen


Dette er for så vidt ikkje gangbrua sitt problem, men ein konsekvens av at brua manglar rampar. Før alt dette kom i gang, nytta eg og andre pendlarar supply-undergangen i enden av perrongen. Den er stort sett befolka av sprøytenarkomane og støv, men er ein fantastisk snarveg for alle som arbeider i endane av gangrua.
Som ein del av heile Bjørvikaprosjektet har ein lagt ei bilbru over jernbanespora litt lengre aust. Vegne går så på baksida av Skatt Øst og Oslo Z, for så å ende opp i Schweigaardsgate.
Haken er at denne vegen går rett ved utgangen for snarvegen vår. Og ein kan ikkje ha folk springane rett ut vegen. Løysinga er å setje opp ei to meter høgt gjerde og låse porten midt på bilete her. Fantastisk nok heng det eit skilt som seier porten no er stengt og at ein heller skal gå over gangbrua.
Ehm. Det er ikkje rampar på brua. Det er det berre på teikingane.

Kva er gale # 10: Manglande rampar

Utan rampar

Med rampar


"Reguleringsplanen omfatter gangbro over sporområdet og Østre Tangent, samt trapp, heis, rampe og plassrommet mellom Tollbygningen og ROM Eiendoms nybygg "Skattens hus". Det legges til rette for ny inngang til Oslo sentralstasjon fra gangbroa, med ramper ned til plattformene. Rampene omfattes ikke av reguleringsplanen og vil bli anlagt av Jernbaneverket på et senere tidspunkt."
Altså. Du byggjer ei bru til 120 millionar, som du kallar "Stasjonsinngang Øst", men venter litt med det som faktisk gjer brua brukande for dei som skal med tog.
Bingo.

onsdag 7. september 2011

Kva er gale # 9: Blindesporet


Det har kome nye reglar for kor bratt ein rullestolrampe kan vere. Og det er ganske flatt. På sørsida har dette gjeve eit nesten komiske preg, då vegen snirklar seg fram og attende i det udendeleg, med merkeleg flater i mellom. Vanskeleg å sykle på, vanskeleg å gå på. Om ein då ikkje fylgjer blindsporet.
For at dei blinde og svaksynte skal kunne vite kvar dei går, har det i dei siste åra dukka opp merker i bakken, slik at dei kan kjenne med foten kvar dei går. Du kan sjå dei på trikkestopp og på Oslo S. På brua er det motsatt, ei lite hakk ned går langs midten av brua.
Haken er at dei ikkje har tenkt så langt som at nokon faktisk skal gjere seg nytte av dette, så dei har dratt dette blindesporet fem centimeter i frå ein luftekanal/luftetårn i betong. Om det kjem ein ein blind person som har handla grønsaker på Grønland, og nett skal innom hovudkontoret til Tine på veg heim, så vil ho/heller han fylgje grøfta langs brua, så over til merka langs rullestolrampen, før ho/heller han får seg ein kraftig kakk i skallen ved luftekanalen.
Kjempeide.
(Gjerdet til høgre er mellombels, det er ikkje luftekanalen.)

tirsdag 6. september 2011

Kva er gale # 8: Z-svingen på nordsida






Om du kjem frå sør på sykkel, må du ta gangvegen langs "Z", som er namnet på huset der Utdanningsdirektoratet og eit par andre held til. Er neimen ikkje heilt sikker på kva som er tenkt her, men truleg er det eit utslag av effektivisering.
Problemet er at midt i nedløpet må ein gjere ein bratt u-sving, og det rett utanfor inngangen til Politiet sin utlendingsseksjon. God løysing på sikt? Ein viss fåre for kollisjon? Truleg ikkje og truleg.