onsdag 14. september 2011

Kva er gale # 11: Nyevegen


Dette er for så vidt ikkje gangbrua sitt problem, men ein konsekvens av at brua manglar rampar. Før alt dette kom i gang, nytta eg og andre pendlarar supply-undergangen i enden av perrongen. Den er stort sett befolka av sprøytenarkomane og støv, men er ein fantastisk snarveg for alle som arbeider i endane av gangrua.
Som ein del av heile Bjørvikaprosjektet har ein lagt ei bilbru over jernbanespora litt lengre aust. Vegne går så på baksida av Skatt Øst og Oslo Z, for så å ende opp i Schweigaardsgate.
Haken er at denne vegen går rett ved utgangen for snarvegen vår. Og ein kan ikkje ha folk springane rett ut vegen. Løysinga er å setje opp ei to meter høgt gjerde og låse porten midt på bilete her. Fantastisk nok heng det eit skilt som seier porten no er stengt og at ein heller skal gå over gangbrua.
Ehm. Det er ikkje rampar på brua. Det er det berre på teikingane.

3 kommentarer:

  1. Meiner du verkeleg at det er eit problem at portar er låste? Vil du berre leggja heile låse-, nøkkel- og låsesmedindustrien i grus?

    SvarSlett
  2. Nei, tvert i mot! Eg har ingen problem med at ein monterer låsar og mistar nøklar. Problemet kjem fyrst når noko faktisk blir låst.
    (Noko som denne porten faktisk ikkje er, men ikkje sei det til nokon.)

    SvarSlett
  3. http://oslopuls.aftenposten.no/byliv/article613064.ece

    SvarSlett