mandag 11. april 2011

Kva er galt # 5: Opninga

Hipsteropning med fokus på kultur, kjøpt og betalt for å strø sukker på den nye bydelen som består av kontor, kækseleiligheiter og eit par kulturelle gigantprosjekt. At det i same slengen har rydda unna eit par galleri og ein teaterbåt, la ikkje ein dempar på "kunst- og kulturvandringa" på laurdag.
– Min mor var en av dem som mente at «The show must go on», og hun ville simpelthen ikke ha tilgitt meg om jeg ikke var her i dag, sa ordførar Fabian Stang.
Jo, det hadde ho.

3 kommentarer:

  1. Opptil fleire landskapsarkitektar har sagt at denne jernbanebrua er eit høgdepunkt i nyare norsk arkitekturhistorie. Ved slike høve er det vanleg at ein har kulturelle innslag ved opninga.

    Og det er direkte ufint å dra Wenche Myhre inn i dette.

    SvarSlett
  2. Wenche Myhre? Er det ikkje Nora Borckstedt som er mora?

    SvarSlett
  3. Eg trur du tenkjer på den gongen Wenche Myhre spelte Nora i "Et dukkehjem".

    SvarSlett