tirsdag 17. januar 2012

Frå gangtunnel til kabeltunnel


Før


No



Detalj

Ein fiffig detalj frå masterplanen er at gangtunnellen kan nyttast til kablar. Det tyt ut frå alle veggar og baugar. For nokre år sidan rauk internettet i sentrale strok av Oslo av di det brann i eit kabelrom under Oslo S. Så for å sikre at det ikkje kjem skraphandlarar frå Vestlandet for å stjele kobbarkablar og deretter set fyr på restane for å dekkje alle spor, har ein no installert overvakingskamera og nytt ljos.

mandag 16. januar 2012

Nytt namn: Akrobaten

"Forslag 15b Akrobaten ble enstemmig vedtatt. Begrunnelse: Henspeiler på broens luftige og spenstige konstruksjon."
Heisekranen hadde vore betre.
Eller 120 millionar
Eller Stasjonsinngang Aust.

Kva er gale # 12: To bruer



Me kunne sjølvsagt ha snakka om billettsystemet på Flytoget, men det blir litt på sida av kva denne bloggen skal handle om.
To hundre meter lengre aust finn me ei anna bru. Det er rett nok ei bilbru, men den har også plass til syklistar og forgjengarar. Den er ikkje fullt så påkosta; ingen sikksakkmønster, ikkje rekkverk i glas og ingen farga ljos. Liknar også ei heisekran.
Det kan sjølvsagt ikkje bli for mykje sykkelvegar i denne byen, men om det var meininga at gangbru 1 berre skulle kople saman Bjørvika og Grønland, så hadde det ikkje vore naudsynt å å lage plass til syklistar på gangbru 2. Grunnen er sjølvsagt at at gangbru 1 var tenkt kopla til Oslo S, men det har dei altså føkka opp. Resultatet er to gangbruer 200 meter frå kvarandre. Mange vil seie at det kunne vore nok med ei. Guffen vil garantert meine noko anna.